Velkomen til Open kyrkje - Allehelgen

Førstkomande helg er det Allehelgen. Vi ynskjer særskilt at dei som kjenner på sakn og sorg, kanskje fordi dei har mista nokon av sine kjære, skal få høve til å besøke kyrkjene våre. Varmt velkomen!

Velkomen til Open kyrkje - Allehelgen

Mange besøker gravstaden for å tenne lys på Allehelgen og vi ynskjer då at dei også skal få høve til å møte opne dører i kyrkjene.

Det vert «Open kyrkje» både i Langevåg kyrkje og Indre Sula kyrkje laurdag 2.november frå kl.16.00-18.00. 

Her er det mulig å komme innom, tenne eit lys, be ei bønn eller berre vere stille og lytte til musikk i kyrkjerommet. Det vil vere kyrkjevertar til stades i kyrkja for ein liten prat og ein kaffikopp om det er ynskjeleg. Dersom nokon ynskjer samtale med prest eller diakon kan dette formidlast gjennom kyrkjevertane. Då vil prest eller diakon ta kontakt med vedkomande i ettertid.

Mange stader er det også minnegudsteneste denne helga, der namna på dei som har gått bort siste året vert opplesne. Dette har vi i Sula sokn dei siste åra hatt på søndag i juleveka (29.desember), og slik blir det også i år. Dei som har mista nokon det siste året vil i byrjinga av desember få invitasjon til denne gudstenesta.

Vi ynskjer alle velkommen til kyrkjene våre i høve Allehelgen.

Ønska av mange 
Open kyrkje over heile landet allehelgen blei gjennomført første gang i 2019. Ei undersøking utført i etterkant av allehelgen for tre år sidan, viste at 1,7 millioner nordmenn ønska at kyrkjene er opne oftare.

Kyrkjelydane sitt tilbud allehelgen og elles i året står oppført i https://skjerikirken.no/ eller på Sula sokn si heimeside – kyrkja.no/sula.

Kontaktinformasjon for Sula kyrkjelyd

Telefon
70 19 96 00
Tirsdag-fredag 10:00-14:00

E-post
post@kyrkja.sula.no

Kyrkjekontoret
Sloghaugvegen 13, Langevåg 
(Sula Rådhus)

Postadresse
Postboks 228
6039 Langevåg

Langevåg kyrkje
Steinhaugen 2, 6030 Langevåg

Indre Sula kyrkje
Bjørkavågsvegen 46, 6037 Eidsnes

 

Gi ei gåve til Sula sokn >

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"